Studentorganisasjoner kan søke om midler fra Velferdstinget.

Velferdstinget sine midlar

Velferdstinget sine midlar kjem frå semesteravgifta. Ein del av semesteravgifta blir fordelt av Velferdstinget på budsjettmøtet 1. Før budsjettmøtet utarbeider Budsjettkomitéen ei innstilling 2 til korleis midlane kan fordelast mellom søkjarorganisasjonane.

Budsjettmøtet

Budsjettmøtet, eigentleg eit vanleg møte i Velferdstinget, blir arrangert kvar november. På møtet blir det vanlegvis handsama to saker, tildelingsbrev og budsjettfordeling. Sjølv om det, som vanleg, berre er representantar i Velferdstinget som har stemmerett i sakene, er det vanleg at mange av søkjarorganisasjonane møter opp for å forsvara sin søknad og argumentera for kvifor dei skal få midlar.

Midlar for 2017

Velferdstinget fordeler på budsjettmøtet midlar for driftsåret 2017. Her finn organisasjonane informasjon om korleis dei får utbetalt midlar og kva krav som stillast.

Budsjettfordeling for 2017

Budsjettmøtet hvor fordelingen av midler for 2017, er 5. november. Møtet starter 10.15, i Egget på Studentsenteret, og kan følges på Twitter: #vtbergen

Oversikten over endringsforslagene som har kommet inn, ligger her: 

 

Søknader om støtte til studentkultur skal gå gjennom Kulturstyret, som har andre søknadsfrister og krav enn Budsjettkomiteen.

Krav til organisasjonar som mottar midlar

Alle organisasjonane som mottar midlar frå Velferdstinget skal syna Velferdstingets logo på alt skriftleg materiell, bekledning og nettsider. I tildelingsbrevet står det

Organisasjonen skal gjøre det kjent at den mottar midler fra Velferdstinget ved å ha Velferdstingets logo synlig på sine nettsider, skriftlig informasjonsmateriell (tidsskrift, plakater, brosjyrer, flyers eller liknende), samt bekledning brukt for å representere organisasjonen (idrettsdrakter, gensere, t-skjorter og liknende). Velferdstingets arbeidsutvalg kan gi dispensasjon fra dette i spesielle tilfeller.

Velferdstinget sin logo, i liggande og ståande versjon, kan lastast ned her. Logoen skal brukast i fargar med mindre anna er avklara med VT-AU.

Vidare skal organisasjonane bruka midlar i tråd med søknaden. Ein har òg krav til rapportering til Velferdstinget. Fulle krav til organisasjonane, og korleis ein får utbetalt midlar, finn ein i tildelingsbrevet som vart vedtatt på budsjettmøtet. Nytt tildelingsbrev for 2017 vil bli vedtatt i budsjettmøtet 5. november 2016.

Utbetaling av midlar

For å få utbetalt midlar frå Velferdstinget må ein senda ein e-post til Velferdstingets arbeidsutvalg (VT-AU) på post@vtbergen.no. E-posten skal innehalda kontaktinformasjon

  • kontaktperson
  • postadresse
  • epost
  • telefon

Samt kontonummer for utbetaling av midlar. Før VT utbetalar midlane vil me undersøkja at Velferdstinget sin logo er representert etter krava over.

Fristen for å be om utbetaling av midlar er ut februar månad.

Fordeling av midlar

Sjå sida om historisk fordeling av midlar. 

 

Semesteravgiftssøkere 2017

 

 

 

Dokumentarkiv

Tidligere søknader

Tidligere søknader

Rapporter fra søkerorganisasjoner


  1. Dette er en link til budsjettmøtet 2016. Her blir organisasjonenes søknader og budsjettkomiteens innstilling lagt ut. 

  2. Det vil seia eit forslag. Forslaget for fordeling 2016 blir lagt ut i forkant av budsjettmøtet.